
KJÆRAST på Det Norske Teatret // Oslo Pix Filmfestival
Torsdag 27.08 blir det ei heilt unik visning av Erik Poppes nyaste film, KJÆRAST, basert på eit manus av Jon Fosse. Filmen blir vist i Sal 3 på Det Norske Teatret, og etter filmen stiller filmens regissør Erik Poppe og journalist og forfattar Cecilie N. Seiness til samtale.
Praktisk info:
- Sted: Sal 3, Det Norske Teatret, Kristian IVs gate 8
- Aldersgrense: 9 år
- Filmen er teksta på nynorsk.
Program:
- Kl. 19:00: Framsyning av filmen KJÆRAST
- Kl. 21:00: Regissør Erik Poppe og redaktør i Samlaget, Cecilie N. Seiness i samtale
- Arrangementet varar til kl. 21:30
Billettprisar:
- Ordinær billett: kr 200,-
- Yngda-medlemmar og Oslo Pix festivalpass: kr 150,-
Om filmen:
Asle og Gerd møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkommen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken? KJÆRAST er ei sår, visuell og sterk historie om kjærleik, skriven av nobelprisvinnar Jon Fosse.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Samlaget, Paradox, SF Studios og Oslo Pix Filmfestival.
Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge
Get directionsScan med kameraet – begivenheden åbnes i Somo-appen.








