Våt Moro AfterSea
Music

Våt Moro AfterSea

À propos de l'événement

🌊 AfterSea – Våt Moro

Kom og vær med når AfterSea tar turen innom Florø 10. og 11. juli! To kveldar fylt med underhaldning, musikk og god stemning ventar deg.


📝 Fredag 10. juli – Quizolini

Fredag opnar vi med Quizolini – ein quiz med spørsmål du faktisk har sjanse til å svare på, anten du følgde med på skulen eller berre er litt oppdatert på kva som skjer i verda. Gjennom kvelden er det fleire artige utfordringar og shoutouts, og vi lovar fine premiar til vinnarane.

⚠️ Maks 6 personar per lag.

🎤 Vidar Villa – 10-årsjubileumskonsert

Fredagskvelden held fram med Vidar Villa, som i år markerer sitt 10-årsjubileum og tek turen innom Florø! Med hitlåtar som One Night Stand, Sjalu, Moren din og Den Samme Jævla Sangen vert det hit på hit og fullt trøkk frå første refreng. Dette er ein konsert der du fort endar opp med å synge med – anten du hadde planar om det eller ikkje. 😍


🎉 Laurdag 11. juli – Verdens Aller Beste Fest

Laurdag gir vi full gass med Verdens Aller Beste Fest! Demokratisk Dansegulv er tilbake med ein heilt ny vri på suksessen frå dei to føregåande åra. Programmet inkluderer:

  • 🎤 Karaoke
  • 🎱 Bingo
  • 🏆 Konkurransar
  • 💃 Dansegolv
  • 🔥 Garantert god kok

🎟️ Billettinformasjon

BillettPrisInkluderer
Dagspass – Fredag600,-Inngang fredag frå kl. 19:00
Dagspass – Laurdag600,-Inngang laurdag frå kl. 22:00
Festivalpass – Fredag & Laurdag1000,-Inngang begge dagar

⚠️ Viktig! Festivalpass må byttast i armband i billettluka på kaia eller ved inngang.

Billettluka er open:

  • Torsdag: kl. 14:00–17:00
  • Fredag: kl. 10:00–17:00
  • Laurdag: kl. 10:00–17:00
Lieu

Torggata 1, 6905, Florø

Itinéraire
Acheter des billets